Grammatisk ordliste Los geht’s!

Begrep Forklaring Døme
Adjektiv Ord som skildrar eit substantiv (namn på ting, dyr, personar). Das Haus ist groß. (Huset er stort.)
Adverb Ord som skildrar eit verb (det nokon gjer, eller det som hender). Adverbet seier noko meir om handlinga. Er fährt schnell. (Han køyrer fort.)
Akkusativ Som på norsk skifter ord form etter kvar dei står i setninga på tysk. Akkusativ er ein kasus som vi bruker ved direkte objekt og ved enkelte preposisjonar. Sie isst einen Apfel. (Ho et eit eple.)
Sie geht durch den Garten. (Ho går gjennom hagen.)
Analyse Kvart setningsledd i ei setning har si oppgåve. Du analyserer setninga for å finne dei ulike ledda. S V DO
Sie hat einen Hund.
Artikkel Viser kva kjønn, tal og kasus substantivet har. Vi har ubestemt og bestemt artikkel. ein Mann - der Mann (ein mann - mannen)
eine Sonne - die Sonne (ei sol – sola)
ein Kind - das Kind (eit barn – barnet)
die Menschen (menneska)
Dativ Dativ er ein kasus som vi bruker ved indirekte objekt og ved nokre preposisjonar. Ich schicke dir einen Brief.
(Eg sender deg eit brev.)
Kommst du mit mir mit?
(Kjem du med meg?)
Direkte objekt (DO) Dette leddet finn du ved å spørje:
Kven/Kva+verbal+subjekt?
Svaret du får, er direkte objekt og skal stå i akkusativ.
Sie hat einen Hund. (Ho har ein hund.)
Kva har ho? Ein hund = DO
Eigennamn Namn på personar, byar, land. Skal skrivast med stor forbokstav. Jürgen, Deutschland, Berlin
Eigedomsord Ord som fortel kven som eig eller har noko. Meine Katze ist schwarz. (Katten min er svart.)
Fellesnamn Namn på gjenstandar, omgrep og anna som ikkje er eigennamn. På tysk skriv vi desse med stor forbokstav. Auto (bil), Mädchen (jente), Hund (hund)
Femininum (f) Hokjønn eine Sonne – die Sonne(ei sol – sola)
Genitiv Genitiv er ein kasus som viser eigeform. Det er den som eig noko som står i genitiv på tysk. das Auto des Mannes
(Mannens bil)
Grunntal 1 eins
2 zwei
3 drei
Heilsetning Ei setning som inneheld minst subjekt og verbal. Ich lerne Deutsch. (Eg lærer tysk.)
Hjelpeverb Eit hjelpeverb står ofte saman med eit hovudverb i infinitiv. Det er hovudverbet som fortel kva som skjer. Ich will tanzen. (Eg vil danse.)
Hovudverb Eit hovudverb fortel kva som er , kva nokon gjer, eller kva som hender. Ich tanze. (Eg dansar.)
Ich will tanzen. (Eg vil danse.)
Høfleg form Personleg pronomen som vi bruker når vi vil uttrykkje det å vere høfleg, til dømes når vi snakkar med vaksne og ukjende personar. Skal alltid skrivast med stor forbokstav. På tysk bruker vi han mykje oftare enn på norsk. Wie geht es Ihnen? (Korleis har De det?)
Imperativ Verbform som tilrår eller oppfordrar sterkt. Hugs utropsteikn! Steh auf! (Stå opp!)
Geh nach Hause! (Gå heim!)
Infinitiv Den verbforma vi kan setje infinitivsmerket framfor, og som er oppslagsforma i ordboka. Infinitivs-merket å heiter på tysk zu. fahren (å køyre)
Kasus Bestemt og ubestemt artikkel får ulik form etter kva ledd dei er i setninga. Det betyr at orda står i ulike kasus. Vi bruker lite kasus i norsk, men i tysk blir det mykje brukt. Det finst fire kasus på tysk: nominativ (subjektsform), akkusativ (objektsform), genitiv (eigeform) og dativ (indirekte objektsform). Hankjønn:
Nominativ – der Mann
Akkusativ – den Mann
Dativ – dem Mann
Genitiv – des Mannes
Kjønn Substantiv, adjektiv, artiklar, eigedomsord og pronomen bøyer vi etter kjønn: hankjønn (maskulinum), hokjønn (femininum) eller inkjekjønn (nøytrum). der braune Hund (m) (den brune hunden)
die braune Hose (f) (den brune buksa)
das braune Haus (n) (det brune huset)
Konjunksjon Konjunksjonar er ord som bind saman setningar. Det finst sideordna (innleier hovudsetning) og underordna (innleier leddsetning) konjunksjonar. und, oder, aber, denn
(og, eller, men, for)

als, wenn, weil, dass
(da, når, fordi, at)
Leddsetning Ei leddsetning er ei setning som ikkje kan stå aleine. På tysk står det bøygde verbet sist i ei leddsetning. Er sagt, dass er Hunger hat.
(Han seier at han er svolten.)
Laust samansett verb Dette er verb som er samansett av ein preposisjon og eit verb. Det er laust samansett og blir splitta i ei setning. anrufen: Ich rufe meine Mutter an. (Eg ringjer til mora mi.)
ausgehen: Er geht mit Freunden aus. (Han går ut med venner.)
Maskulinum (m) Hankjønn ein Mann – der Mann (ein mann – mannen)
Modalt hjelpeverb På tysk er det seks modale hjelpeverb. Dei står ofte saman med eit hovudverb i infinitiv. Infinitiven står da til slutt i setninga. dürfen – få lov til
können – kunne
mögen – ville, like
müssen – måtte
sollen – skulle, burde
wollen – ville

Er kann gut singen. (Han kan synge fint.)
Nominativ Ein kasus. Nominativ er den ubøygde grunnforma som står i ordboka. Der Junge spielt Tennis. (Guten speler tennis.)
Nøytrum (n) Inkjekjønn ein Haus – das Haus (eit hus – huset)
Omlyd Vokalar får tødlar (a – ä, u – ü, o – ö) eller e blir til i/ie. Dette skjer i presens av sterke verb eller i fleirtal av substantiv. ich fahre – du fährst
(eg køyrer – du køyrer)

ein Buch – Bücher
(ei bok – bøker)
Ordstilling Korleis dei ulike ledda i setninga er plasserte i forhold til kvarandre. På tysk står av og til verbet eller delar av verbet sist i setninga. Ich will ein Buch kaufen. (Eg vil kjøpe ei bok.)
Perfektum partisipp Perfektum partisipp dannar saman med eit hjelpeverb verbtida perfektum. Perfektum partisipp står oftast sist i heilsetninga og blir ikkje bøygd.

Perfektum partisipp av svake verb blir danna av:
ge + verbstamme + t

Perfektum av sterke verb blir danna av:
ge + verbstamme + en
Ich habe das Buch gekauft.
(Eg har kjøpt boka.)

Ich habe das Buch gelesen.
(Eg har lest boka.)
Preposisjon Preposisjonar skildrar kvar noko er (t.d på, bak, under). Dei bestemmer også ulike kasus. Das Buch liegt auf dem Tisch. (Boka ligg på bordet.)
Presens perfektum Verbtid som skildrar noko som har skjedd (har-form). Består av hjelpeverb og hovudverb. Hovudverbet står sist i setninga. Wir haben einen Film gesehen. (Vi har sett ein film.)
Personending På tysk får verbet ending etter personen det står til. På norsk er endinga lik i alle personar. ich spiele
du spielst
er, sie, es spielt
wir spielen
ihr spielt
sie spielen

(eg leiker, du leiker, ho leiker, …)
Personleg pronomen Pronomenet står i staden for eller viser til eit substantiv:
Per spiser → han spiser.
ich, du, er, sie, wir osv.
(eg, du, han, ho, vi osv.)
Plural Fleirtal Die Kinder spielen. (Barna leiker.)
Predikativ Predikativet peiker tilbake på subjektet eller er det same som subjektet. Det står etter verba zu sein, zu werden og zu bleiben. På tysk står det alltid i nominativ, dvs. vi bøyer det ikkje. Das Auto ist alt. (Bilen er gammal.)
Presens Verbtid som uttrykkjer notid. Wir schreiben einen Brief. (Vi skriv eit brev.)
Preteritum Verbtid som uttrykkjer fortid. Preteritum blir mest brukt i skriftspråket på tysk. Wir schrieben einen Brief. (Vi skreiv eit brev.)
Rekkjetal Rekkjetal blir bøygde som adjektiv på tysk. 1. erste (første)
2. zweite (andre)
3. dritte (tredje)
Relativpronomen Relativpronomenet som kan ikkje utelatast på tysk. Det ser ut som bestemt artikkel og blir bøygd i ulike kasus, alt etter kva funksjon det har i setninga. Der Lehrer, der da steht, unterrichtet Deutsch.
(Læraren som står der, underviser i tysk)
Setningsledd Ei setning er bygd opp av ulike ledd som har bestemte funksjonar i setninga (subjekt, verbal, objekt osv.). Subjekt Verbal Objekt
Ich esse einen Apfel.
(Eg et eit eple.)
Singular Eintal Das Kind spielt. (Barnet leiker.)
Spørjeord Ord som viser at det dreier seg om eit spørsmål. for eksempel
Wer? (Kven?)
Wo? (Kvar?)
Warum? (Kvifor?)
Spørjesetning Setning som uttrykkjer eit spørsmål. Wer bist du? (Kven er du?)
Kommst du? (Kjem du?)
Sterkt verb Verb deler vi både på norsk og tysk i sterke og svake. Dei sterke verba skifter ofte vokal, mens dei svake ikkje gjer det. Dei sterke verba må vi lære – akkurat som på engelsk. ich fahre – du fährst (eg køyrer – du køyrer)
Subjekt (S) Det leddet i setninga som utfører handlinga. Subjektet står i nominativ. Kven + verbal?
Sie liest. (Ho les.)
Wer liest? (Kven les?)
Sie = subjekt
Substantiv Namn på ting, dyr, personar og omgrep (ord som du på norsk kan setje ein, ei eller eit framfor). På tysk skriv vi substantiva med stor forbokstav! ein Hund (ein hund)
ein Haus (eit hus)
eine Sonne (ei sol)
Svakt verb Vi deler verb både på norsk og tysk i sterke og svake. Dei svake skifter ikkje vokal. ich kaufe – du kaufst (eg kjøper – du kjøper)
ich spiele – du spielst (eg leiker – du leiker)
Verbstamme Den forma du har når du fjernar endinga på infinitiven. Som oftast er endinga på tysk -en, men nokre har berre endinga -n. trink-en (å drikk-e)

lächel-n (å smil-e)
Verbal (V) Verbalet er det leddet i setninga som skildrar kva som blir gjort – altså verbet i setninga. Kva skjer/blir gjort?
Sie liest. (Ho les.)
Kva gjer ho?
liest = verbal

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller

NYN dbok Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen
Eller logg inn