Los gehts 10 minigrammatikk nyn comp 02

Page 1

’ s t h e

g s o L Schulze

innet

domstr g n u r o f k s y T

NY

NO

RS

K

ie Anne-Mar

k k i t a m m a r g i n i M


Copyright © 2017 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåva / 1. opplaget 2017 ISBN: 978-82-11-02604-0 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign ved forlaget Omslagsfoto: Framside: Patricia DiMeco/Getty Images, Jianwei Yang/Getty Images, EyeEm/iStock Bakside: eldadcarin/iStockphotos Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 Faks: 55 38 88 01 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


Los geht’s Anne-Marie Schulze

Minigrammatikk NYNORSK


Minigrammatikk 1 Substantiv Substantiv er dei orda som viser til personar, dyr eller ting, for eksempel mann, jakke og hus. For å finne ut om eit ord er substantiv, kan du setje ein, ei eller eit foran: ein mann, ei jakke og eit hus. På tysk får alle substantiv stor forbokstav, sjølv om dei står midt i ei setning: der Mann (mannen), die Frau ­(kvinna), das Kind (barnet).

1.1 Bunden og ubunden artikkel På tysk står det der, die og das framfor substantivet når det er i bunden form. Desse tyske orda blir kalla den bundne artikkelen. På engelsk set vi den bundne artikkelen the framfor substantivet: the man. På norsk legg vi til ei ending for å få fram bunden form: ­mannen.

Maskulin Feminin Neutrum Plural

NORSK Ubunden Bunden form form ein mann mannen ei sol sola eit barn barnet menneske menneska

TYSK Ubunden Bunden form form ein Mann der Mann eine Sonne die Sonne ein Kind das Kind Leute die Leute

For å vite kva for bunden artikkel eit substantiv skal ha, altså for å vite kva kjønn substantivet har, kan vi slå opp i ei ordbok. I ordboka står det m, f eller n bak ordet.

2

m = maskulin = hankjønn der f = feminin = hokjønn die n = neutrum = inkjekjønn das En, ei, et heiter ein, eine og ein på tysk. Dette er den ubundne artikkelen.

Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn

Ubunden artikkel ein eine ein

Bunden artikkel (sg) der die das

1.1.1 Bunden artikkel i fleirtal I fleirtal (plural) får alle substantiv die som ­bunden artikkel i grunnforma. Det speler inga rolle kva for ­artikkel – der, die eller das – ordet har i eintal ­(singular). Bunden artikkel (sg) der Mann die Frau das Kind

Bunden artikkel (pl) die Männer die Frauen die Kinder


1.1.2 Fleirtalsending Når vi dannar fleirtal av substantivet på tysk, er det ikkje slik at alle orda får same fleirtalsending. Nokre substantiv har endinga -en, andre -er eller -e. Ofte er det omlyd i fleirtal, det vil seie at stammevokalen i ordet endrar seg. Dette viser vi med *. Eksempel: der Mann * – die Männer.

Ubunden artikkel Bunden artikkel

Maskulin Feminin ein eine

Neutrum Plural ein -

der

das

die

die

1.2 Kasus Kasus er den forma eit substantiv får ut frå plasseringa i setninga og kva funksjon det har. Kasus er ikkje like mykje brukt på norsk, men vi har det også. Eksempel: Ho snakkar. Eg snakkar med henne.

1.2.1 Nominativ Nominativ bruker vi for den eller det som gjer det som skjer i setninga, altså den som utfører sjølve handlin­ ga. Denne delen av ei setning kallar vi subjekt. Der Junge singt. Die Frau spielt. Das Kind isst. Die Schüler lesen.

Guten syng. Dama speler/leiker. Barnet et. Elevane les.

1.2.2 Akkusativ Det direkte objektet i setninga står i akkusativ. Akku­ sativobjektet er den eller det i setninga som blir utsett for noko. Det som ein for eksempel har, får, kjøper eller ser i ei setning, står i akkusativ. Der Junge singt das/ein Lied. Guten syng songen / ein song. Die Frau spielt die/eine Gitarre. Dama speler på gitaren / ein gitar. Das Kind isst den/einen Kuchen. Barnet et kaka / ei kake. Die Schüler lesen das/ein Buch. Elevane les boka / ei bok. Legg merke til at den bundne artikkelen der blir endra til den når ordet står som akkusativobjekt, og at den ubundne artikkelen ein blir til einen. Artiklane das og die og ein og eine endrar seg ikkje.

1.2.3 Dativ Dativ er den tredje kasusen vi lærer på tysk. Dativ­ objektet eller det indirekte objektet er den eller det i setninga som ein gjer noko til eller for. Når vi analyserer, finn vi først verbet, V, subjektet som står i nominativ, Sn, og det direkte objektet i akkusativ, DOa. Så spør vi: til/for kven + V + S + DOa. Svaret vi eventuelt får, er det indirekte objektet i dativ, IOd.

3


Her er nokre eksempel:

u Dativ blir alltid brukt etter visse verb, for eksempel:

Der Vater schreibt der Mutter einen Brief. Faren skriv eit brev til mora. Die Frau kauft dem Kind eine Jacke. Dama kjøper ei jakke til barnet. Der Schüler bringt dem Lehrer das Buch. Eleven hentar boka til læraren.

danken folgen gefallen gehorchen gehören glauben gratulieren helfen

Legg merke til at dativobjektet står framfor akkusativ­ objektet på tysk. Vi kan forklare denne ordstillinga med at personen er viktigast, og derfor kjem personen før saka. På norsk kan vi også ha denne ordstillinga, men då utelèt vi til eller for: Faren skriv mora eit brev. u Dativ bruker vi også i visse tidsuttrykk: in, an og vor

Ich danke der Frau. Eg takkar dama. Die Schüler folgen dem Lehrer. Elevane følgjer læraren. Er gefällt mir. Eg liker han. Das Kind gehorcht den Eltern. Barnet lyder foreldra. Das Auto gehört meinem Vater. Bilen tilhøyrer far min. Alle glauben dem Mann. Alle trur mannen. Ich gratuliere dir zum Geburtstag. Eg gratulerer deg med dagen. Sie helfen dem Opa. Dei hjelper bestefaren.

om tid In einer Stunde kommen sie nach Hause. Om ein time kjem dei heim. Er ist in letzter Zeit oft krank gewesen. Han har ofte vore sjuk i den siste tida. Im Sommer ist es warm. Om sommaren er det varmt. u Dativ bruker vi alltid etter preposisjonar som styrer

dativ: aus, bei, mit, nach, seit, von, zu Er wohnt bei der Tante. Han bur hos tanta. Nach den Ferien beginnt die Schule. Etter ferien byrjar skolen. Gehen wir zu mir? Skal vi gå til meg?

4

Ubunden artikkel Bunden artikkel

Kasus Nom. Akk. Dativ Nom. Akk.

Maskulin ein einen einem der den

Feminin eine eine einer die die

Neutrum ein ein einem das das

Plural die die

Dativ

dem

der

dem

den


2 Pronomen

3 Eigedomsord

Pronomen er små ord som vi bruker i staden for ein ting, eit dyr, ein person eller eit namn. Desse orda kan for eksempel vere den, eg, vi, de, ho. Det finst ulike typar pronomen, men nokon av dei vi bruker mest, er personlege pronomen. Dei personlege pronomena har desse formene som subjekt, objekt og indirekte objekt i setninga:

Eigedomsord fortel kven noko tilhøyrer. Kva for eige­ domsord du vel, er avhengig av kven det tilhøyrer. Mein Bruder = broren «tilhøyrer» meg. Deine Tante = tanta «tilhøyrer» deg.

NORSK Subjekt Objekt Indir. obj. 1. pers. sg eg meg meg 2. pers. sg du deg deg han han han ho henne henne 3. pers. sg den/det den/ den/ det det 1. pers. pl vi oss oss 2. pers. pl de dykk dykk 3. pers. pl dei dei dei høfleg De Dykk Dykk form

TYSK Subjekt Objekt Indir. obj. ich mich mir du dich dir er ihn ihm sie sie ihr es es ihm wir ihr sie Sie

uns euch sie Sie

uns euch ihnen Ihnen

Hugs å bruke høfleg tiltaleform når du snakkar til vaksne og ukjende personar. Pronomen i høfleg form blir alltid skrivne med stor forbokstav. Hugs at verbet må bøyast avhengig av kva personleg pronomen som står til det.

NORSK personleg eigedomspronomen ord 1. pers. sg eg min 2. pers. sg du din han hans/sin 3. pers. sg ho hennar/si det/den sin 1. pers. pl vi vår 2. pers. pl de deira 3. pers. pl dei sin høfleg De Dykkar form

TYSK personleg eigedomspronomen ord ich mein du dein er sein sie ihr es sein wir unser ihr euer sie ihr Sie Ihr

Også eigedomsord i høfleg form blir skrivne med stor forbokstav. Eigedomsord står vanlegvis saman med eit substan­ tiv og får ending etter substantivet, akkurat som den ubundne artikkelen. Dersom substantivet er hankjønn (m) eller inkjekjønn (n), har det inga ending. Er substantivet hokjønn (f) eller i fleirtal (pl), er endinga -e.

5


Zum Beispiel: Mein Bruder (m) heißt Otto. Bror min heiter Otto. Mein Computer (m) ist neu. Datamaskina mi er ny . Mein Kind (n) heißt Louise. Barnet mitt heiter Louise. Mein Haus (n) liegt in der Parkallee. Huset mitt ligg i Parkalleen.

Subjekt (nominativ) Direkte objekt (akkusativ) MASKULIN

Indirekte objekt (dativ)

Meine Tochter (f ) heißt Beate. Dotter mi heiter Beate. Meine Schule (f ) liegt in der Uferstraße. Skolen min ligg i Uferstraße. Meine Eltern (pl) heißen Erna und Paul. Foreldra mine heiter Erna og Paul. Meine Haare (pl) sind lang. Håret mitt er langt. Eigedomsordet saman med eit substantiv kan også fungere som direkte objekt. Formene til eigedomsorda er dei same som ved den ubundne artikkelen.

6

Subjekt (nominativ)

FEMININ

Direkte objekt (akkusativ)

Indirekte objekt (dativ)

Mein Vater heißt Bernd. Far min heiter Bernd. Mein Computer ist neu. Datamaskina mi er ny. Ich besuche meinen Vater. Eg vitjar far min. Ich sehe meinen Computer. Eg ser datamaskina mi. Ich schreibe meinem Vater einen Brief. Eg skriv eit brev til faren min. Ich gebe meinem Computer ein neues Passwort. Eg gir datamaskina mi eit nytt passord. Meine Mutter heißt Christa. Mor mi heiter Christa. Meine Tasche ist neu. Veska mi er ny. Ich besuche meine Mutter. Eg vitjar mor mi. Ich sehe meine Tasche. Eg ser veska mi. Ich kaufe meiner Mutter eine Tasche. Eg kjøper ei veske til mora mi. Ich gebe meiner Mutter ein neues Buch. Eg gir mora mi ei ny bok.


Subjekt (nominativ)

NEUTRUM

Direkte objekt (akkusativ)

Indirekte objekt (dativ)

Subjekt (nominativ)

PLURAL

Direkte objekt (akkusativ)

Indirekte objekt (dativ)

Mein Kind heißt Peter. Barnet mitt heiter Peter. Mein Haus ist neu. Huset mitt er nytt. Ich besuche mein Kind. Eg vitjar barnet mitt. Ich sehe mein Haus. Eg ser huset mitt. Ich erzähle meinem Kind ein Märchen. Eg fortel barnet mitt eit eventyr. Ich gebe meinem Freund ein neues Auto. Eg gir vennen min ein ny bil. Meine Eltern heißen Bernd und Ingrid. Foreldra mine heiter Bernd og Ingrid. Meine Haare sind lang. Håret mitt er langt. Ich besuche meine Eltern. Eg vitjar foreldra mine. Ich kämme meine Haare. Eg greier håret mitt. Ich schicke meinen Eltern einen Brief. Eg sender foreldra mine eit brev. Ich gebe meinen Tanten eine Tasse Tee. Eg gir tantene mine ein kopp te.

Desse formene i nominativ, akkusativ og dativ er like for alle eigedomsord bortsett frå 2. pers. pl: euer. Dette eigedomsordet blir somme gonger trekt saman frå euer til eure på grunn av uttalen.

Subjekt (nominativ)

Direkte objekt (akkusativ) EUER

Indirekte objekt (dativ)

Euer Computer (m) ist neu. Datamaskina dykkar er ny. Eure Tasche (f) ist schön. Veska dykkar er pen. Euer Haus (n) ist alt. Huset dykkar er gammalt. Eure Skier (pl) sind lang. Skiene dykkar er lange. Ich sehe euren Computer (m). Eg ser datamaskina dykkar. Wir finden eure Tasche (f) schön. Vi synest veska dykkar er pen. Herr Müller liebt euer Haus (n). Herr Müller elskar huset dykkar. Ihr habt eure Skier (pl). De har skiene dykkar. Ich gebe eurem Computer (m) ein neues Passwort. Eg gir datamaskina dykkar eit nytt passord. Ich kaufe eurer Mutter (f) eine neue Tasche. Eg kjøper ei ny veske til mora dykkar. Er gibt eurem Hund (m) einen Knochen. Han gir hunden dykkar eit bein. Ihr gebt euren Eltern (pl) schöne Blumen. De gir foreldra dykkar vakre blomstrar.

7


4 Spørjeord

5 Verb

Dette er dei viktigaste spørjeorda på tysk:

Verb er ord som fortel noko om kva noko eller nokon gjer. Eksempel på verb er snakke, vere, ha, leike, sove, sitje. Framfor eit verb kan vi på norsk setje infinitivs­ merket å. På tysk heiter infinitivsmerket zu.

Wann? Warum? Was? Wer? Wie? Wie viel? Wo? Woher? Wohin? Welcher? Welche? Welches?

Når? Kvifor? Kva? Kven? Korleis? Kva? Kor mykje? Kvar? Kvar frå? Kvar til? Kva for ein/ei/eit? Kva for ein/ei/eit? Kva for ein/ei/eit?

Ved hjelp av dei ulike tidsformene av verbet kan vi ut­ trykkje om noko hender no, hende i går eller kjem til å hende. Tidsformene kallar vi ulike tempus.

5.1 Infinitiv Infinitivsforma er den ubøygde forma av eit verb. Eksempel: zu tanzen = å danse. Zu (= å) kallar vi infinitivsmerke.

5.2 Verbbøying i presens (notid) Notid blir også kalla presens og er den verbforma vi bruker når vi fortel at vi gjer noko no, for eksempel skriv, snakkar, les eller et. Når vi bruker denne forma på tysk, må vi hugse å leg­ gje til ei personending. Både på norsk og på tysk tek vi utgangspunkt i infinitiven og hengjer på ei personen­ ding. På tysk stryk vi først infinitivsendinga: norsk å gå

eg går

tysk zu gehen

ich gehe

Forskjellen på norsk og tysk er at dei tyske verba får ulike personendingar, mens vi på norsk bruker den same endinga. Tyske verb får nesten alltid ei personending, avhengig av kven som utfører handlinga.

8


Ta verbstammen utan infinitivsendinga -en og føy til den rette endinga: For eksempel gehen geh| en 1. person singular 2. person singular 3. person singular 1. person plural 2. person plural 3. person plural Høfleg form

ich: -e du: -st er, sie, es: -t wir: -en ihr: -t sie: -en Sie: -en

ich gehe du gehst geht wir gehen ihr geht sie gehen Sie gehen

5.2.1 Sterke og svake verb Som på norsk har vi på tysk både svake og sterke verb. Dei har ulik bøying. Dei svake verba er regelrette, og vi lærer dei ved å lære vanleg verbbøying. Dei sterke verba er uregelrette og må puggast. Ein del sterke verb får endring i stammevokalen. Det heiter vokalskifte eller omlyd. a ä e i zu fahren (å køyre, dra, reise) zu essen (å ete) ich fahre ich esse du fährst du isst er, sie, es fährt er, sie, es isst wir wir essen fahren ihr fahrt ihr esst sie fahren sie essen Sie fahren Sie essen

zu schlafen (å sove) zu laufen (å springe) zu lesen (å lese) zu nehmen (å ta) zu sehen (å sjå) zu sprechen (å snakke) zu vergessen (å gløyme) Her ser du bøyinga av ein del verb som har uregelrett omlydsform: zu nehmen (å ta) ich nehme du nimmst er, sie, es nimmt wir nehmen ihr nehmt sie nehmen Sie nehmen

zu sehen (å sjå) ich sehe du siehst er, sie, es sieht wir sehen ihr seht sie sehen Sie sehen

zu laufen (å springe) ich laufe du läufst er, sie, es läuft wir laufen ihr lauft sie laufen Sie laufen

zu lesen (å lese) ich lese du liest er, sie, es liest wir lesen ihr lest sie lesen Sie lesen

Verb som får omlyd, er i gloselista markerte med * (vanleg omlyd).

Ver merksam på at denne omlyden berre finst i 2. og ­3. person eintal. Andre verb med vokalskifte: zu treffen (å møte/treffe) zu geben (å gi) zu helfen (å hjelpe)

9


5.2.2 Uregelrette verb Desse verba blir bøygde uregelrett og må puggast ekstra godt. I gloselista står heile forma.

På tysk byrjar presens perfektum-forma nesten alltid med ge- og sluttar på -t ved svake verb og -en ved sterke verb.

zu sein (å vere) ich bin du bist er, sie, es ist wir sind ihr seid sie sind Sie sind

zu haben (å ha) ich habe du hast er, sie, es hat wir haben ihr habt sie haben Sie haben

Presens perfektum-forma av sterke verb må lærast utanåt, akkurat som på engelsk. Du finn bøyinga til de vanlegaste sterke verba i minigrammatikken under punkt 5.5.

zu werden (å bli/verte) ich werde du wirst er, sie, es wird wir werden ihr werdet sie werden Sie werden

zu wissen (å vite) ich weiß du weißt er, sie, es weiß wir wissen ihr wisst sie wissen Sie wissen

Ein liten hugseregel: ge- + verbstamme + -t/-en = geten Ikkje gløym at geten er så langsam at han alltid kjem heilt til slutt i den tyske setninga. Nokre eksempel på presens perfektum:

5.3 Presens perfektum

Der Lehrer hat viel gesagt. Læraren har sagt / sa mykje. Ich habe eine Cola getrunken. Eg har drukke / drakk ein cola. Markus hat eine Hose gekauft. Markus har kjøpt / kjøpte ei bukse. Hast du das gehört? Har du høyrt / høyrte du det?

Presens perfektum bruker vi når vi snakkar om kva nokon har gjort. Det er ei samansett form (perfektum partisipp) som særleg blir brukt i munnleg tysk for å markere fortid: Ich habe ein Buch gekauft. På norsk bruker vi her som regel preteritum. Eg kjøpte ei bok.

5.3.2 Verb utan ge- i perfektum partisipp Det finst ein del verb på tysk som ikkje får ge­i ­perfektum partisipp. Desse verba sluttar i infinitiv på -ieren eller byrjar med ei av desse stavingane: be-, emp-, ent-, er-, ge-, ver-, zer-. Eksempel på verb som ikkje får ge-:

5.3.1 Presens perfektum av svake og sterke verb Slik dannar vi presens perfektum på tysk: 1 Ta grunnforma av eit verb: kaufen = kjøpe 2 Ta bort endinga –en: kauf (= verbstammen) 3 Legg til ge- framfor stammen og –t eller –en som ending ge – kauf – t

Vater hat alles bezahlt (bezahlen). Far har betalt / betalte alt. Sie hat einen Witz erzählt (erzählen). Ho har fortalt / fortalde ein vits. Meine Mannschaft hat gewonnen (gewinnen). Mitt lag har vunne / vann.

10


5.3.3 Hjelpeverb i presens perfektum u Som regel bruker vi hjelpeverbet haben når vi dannar presens perfektum på tysk. u Verbet sein blir brukt til å danne perfektum blant

anna når verbet uttrykkjer ei rørsle frå ein stad til ein annan, eller frå ein tilstand til ein annan. Nokre eksempler: Der Mann ist nach Berlin gefahren. Mannen har køyrt / køyrde til Berlin. Sie sind schnell gegangen. De har gått / gjekk fort. Der Dieb ist ins Wasser gesprungen. Tjuven har hoppa / hoppa i vatnet. Bist du nach Italien geflogen? Har du floge / Flaug du til Italia?

u Sein bruker vi også når det som er gjort, inneber ei

tilstandsendring: Er ist eingeschlafen. Han har sovna / sovna. Sie ist aufgewacht. Ho har vakna / vakna. Oma ist gestern gestorben. Bestemor døydde i går. Die Leute auf der Titanic sind ertrunken. Menneska på Titanic har drukna.

5.3.4 Presens perfektum av haben, sein og werden Infinitiv haben 1. pers. sg ich habe gehabt 2. pers. sg du hast gehabt er hat gehabt 3. pers. sg sie hat gehabt es hat gehabt 1. pers. pl wir haben gehabt 2. pers. pl ihr habt gehabt 3. pers. pl sie haben gehabt høfleg Sie haben gehabt form

sein bin gewesen bist gewesen ist gewesen ist gewesen ist gewesen sind gewesen seid gewesen sind gewesen sind gewesen

werden bin geworden bist geworden ist geworden ist geworden ist geworden sind geworden seid geworden sind geworden sind geworden

5.4 Preteritum Preteritum på tysk blir som oftast brukt i skriftleg språk. Det er viktig å merke seg at der vi på norsk bruker preteritum, er det mest vanleg å bruke presens perfektum på tysk.

5.4.1 Preteritum av svake verb Svake verb dannar preteritum ved hjelp av stammen av verbet + t + personending. Dersom stammen sluttar på -d eller -t, set vi inn ein ekstra -e. Dersom du tenkjer på korleis det er på norsk, er det ikkje så ulikt: eg kjøpte. Infinitiv kaufen 1. pers. sg ich kauf- t -e 2. pers. sg du kauf- t -est er kauf- t -e 3. pers. sg sie kauf- t -e es kauf- t -e 1. pers. pl wir kauf- t -en 2. pers. pl ihr kauf -t -et 3. pers. pl sie kauf- t -en høfleg Sie kauf- t -en form

arbeiten arbeit- e- t -e arbeit -e -t -est arbeit -e -t -e arbeit -e -t -e arbeit -e -t -e arbeit -e -t -en arbeit -e -t -et arbeit -e -t -en arbeit -e -t -en

11


5.4.2 Preteritum av sterke verb Dei sterke verba dannar preteritum som på norsk, ved å endre stammevokalen. Dei sterke verba må lærast a verbo, sidan dei ikkje har lik bøying. Når du kan bøye verba a verbo (som på engelsk go-went-gone), er det enkelt å bøye sterke verb. Her er eksempel på nokre sterke verb i preteritum: Infinitiv sehen 1. pers. sg ich sah 2. pers. sg du sahst er sah 3. pers. sg sie sah es sah 1. pers. pl wir sahen 2. pers. pl ihr saht 3. pers. pl sie sahen høfleg Sie sahen form

gehen ging gingst ging ging ging gingen gingt gingen gingen

fahren fuhr fuhrst fuhr fuhr fuhr fuhren fuhrt fuhren fuhren

Som du ser, har ikkje sterke verb i preteritum noka personending i 1. og 3. person eintal. 2. person eintal og fleirtalsformene blir sjeldan brukte på tysk; ein vel i staden å bruke presens perfektum. Når du bøyer zu sehen a verbo (zu sehen – sieht – sah – hat gesehen) ser du med ein gong kva for stammevokal verbet får i preteritum.

12

Preteritum av haben, sein og werden: Infinitiv haben 1. pers. sg ich hatte 2. pers. sg du hattest er hatte 3. pers. sg sie hatte es hatte 1. pers. pl wir hatten 2. pers. pl ihr hattet 3. pers. pl sie hatten høfleg Sie hatten form

sein war warst war war war waren wart waren waren

werden wurde wurdest wurde wurde wurde wurden wurdet wurden wurden


5.5 Oversikt over viktige sterke verb Det er viktig å lære bøyinga av dei sterke verba utanboks. Her ser du nokre av dei viktigaste sterke verba på tysk: INFINITIV beginnen bleiben essen fahren fallen fangen finden fliegen geben gehen gewinnen heißen helfen kommen laufen lesen liegen nehmen reiten rufen scheinen schießen schlafen schreiben schreien schwimmen sehen singen sitzen sprechen stehen sterben treffen trinken

PRESENS beginnt bleibt isst fährt fällt fängt findet fliegt gibt geht gewinnt heißt hilft kommt läuft liest liegt nimmt reitet ruft scheint schießt schläft schreibt schreit schwimmt sieht singt sitzt spricht steht stirbt trifft trinkt

PRETERITUM begann blieb aß fuhr fiel fing fand flog gab ging gewann hieß half kam lief las lag nahm ritt rief schien schoss schlief schrieb schrie schwamm sah sang saß sprach stand starb traf trank

PRESENS PERFEKTUM hat begonnen ist geblieben hat gegessen ist gefahren ist gefallen hat gefangen hat gefunden ist geflogen hat gegeben ist gegangen hat gewonnen hat geheißen hat geholfen ist gekommen ist gelaufen hat gelesen hat gelegen hat genommen ist geritten hat gerufen hat geschienen hat geschossen hat geschlafen hat geschrieben hat geschrien ist geschwommen hat gesehen hat gesungen hat gesessen hat gesprochen hat gestanden ist gestorben hat getroffen hat getrunken

NORSK byrje (for)bli ete køyre, reise falle fange finne flyge gje gå vinne heite hjelpe komme løpe lese liggje ta ri rope skine skyte sove skrive skrike symje sjå syngje sitje snakke stå døy treffe drikke

13


INFINITIV tun vergessen verlieren waschen wachsen werfen ziehen

PRESENS tut vergisst verliert wäscht wächst wirft zieht

PRETERITUM tat vergaß verlor wusch wuchs warf zog

PERFEKTUM hat getan hat vergessen hat verloren hat gewaschen ist gewachsen hat geworfen hat gezogen

5.6 Modale hjelpeverb og wissen Modale hjelpeverb er verb som blir brukte saman med andre verb, og som seier noko om kva ein kan, vil, må, skal, bør eller får lov til. Hjelpeverba får omlyd, det vil seie at dei endrar vokal, når vi bruker dei i presens. Vokalen blir endra i alle eintalsformene (ich, du, er, sie, es, man).

NORSK gjere gløyme miste, tape vaske vekse kaste dra, trekkje

Hugs: 1 Omlyd i eintall 2 Inga ending etter ich, er/sie/es og man 3 Det ein kan, vil, må, skal, bør eller får lov til står sist i setninga.

Vokalen blir ikkje endra i fleirtal (wir, ihr, sie, Sie). Etter ich, er, sie, es og man forsvinn personendinga.

5.6.1 Oversikt over modale hjelpeverb DÜRFEN (å få lov til) ich darf du darfst er darf sie darf es darf wir dürfen ihr dürft sie dürfen Sie dürfen

14

KÖNNEN (å kunne) ich kann du kannst er kann sie kann es kann wir können ihr könnt sie können Sie können

MÖGEN (å like) ich mag du magst er mag sie mag es mag wir mögen ihr mögt sie mögen Sie mögen

MÜSSEN (å måtte) ich muss du musst er muss sie muss es muss wir müssen ihr müsst sie müssen Sie müssen

SOLLEN (å skulle) ich soll du sollst er soll sie soll es soll wir sollen ihr sollt sie sollen Sie sollen

WOLLEN (å vilje) ich will du willst er will sie will es will wir wollen ihr wollt sie wollen Sie wollen


Eksempel på bruk: dürfen Ich darf nicht Auto fahren. Eg får ikkje lov til å køyre bil. Du darfst nicht rauchen. Du får ikkje lov til å røykje. können Er kann lesen. Han kan lese. Wir können Deutsch sprechen. Vi kan snakke tysk.

5.6.2 Wissen Wissen (å vite) er ikkje eit modalt hjelpeverb, men vi bøyer det på same måte. ZU WISSEN (å vite) ich weiß du weißt er, sie, es weiß wir wissen ihr wisst sie wissen Sie wissen

Eksempler på bruk: mögen Ihr mögt Schokolade. De liker sjokolade. Sie mögen im Chor singen. Dei liker å syngje i kor. müssen Du musst immer Hausaufgaben machen. Du må alltid gjere lekser. Er muss jetzt gehen. Han må gå no. sollen Sie soll nicht alleine gehen. Ho skal/bør ikkje gå åleine. Du sollst nicht stehlen. Du skal ikkje stele. wollen Er will das nicht machen. Han vil ikkje gjere det. Ihr wollt nicht auf mich hören. De vil ikkje høyre på meg.

Ich weiß, welche Farbe deine Jacke hat. Eg veit kva farge jakka di har. Wir wissen, dass wir Deutsch sprechen können. Vi veit at vi kan snakke tysk.

5.6.3 Modale hjelpeverb og wissen i presens perfektum Modale hjelpeverb dannar presens perfektum som svake verb med haben og ge- , verbstamme og –t. Ich habe es nicht gewollt. Eg har ikkje vilja det. Er hat es gekonnt. Han har kunna det. Presens perfektum av dei modale hjelpeverba er slik: Ich habe gedurft. Du hast gekonnt. Er hat gemocht. Wir haben gewollt. Ihr habt gesollt. Sie haben gemusst.

15


5.6.4 Modale hjelpeverb i preteritum Slik bøyer vi dei modale hjelpeverba i preteritum: DÜRFEN (å få lov til) ich durfte du durftest er durfte sie durfte es durfte wir durften ihr durftet sie durften Sie durften

KÖNNEN (å kunne) ich konnte du konntest er konnte sie konnte es konnte wir konnten ihr konntet sie konnten Sie konnten

MÖGEN (å like) ich mochte du mochtest er mochte sie mochte es mochte wir mochten ihr mochtet sie mochten Sie mochten

MÜSSEN (å måtte) ich musste du musstest er musste sie musste es musste wir mussten ihr musstet sie mussten Sie mussten

Legg merke til at alle modalverba bortsett frå sollen og wollen, har ein annan vokal i preteritum enn i infinitiv. Personendingane er som regelrette svake verb. wissen (å vite) ich wusste du wusstest er wusste sie wusste es wusste wir wussten ihr wusstet sie wussten Sie wussten

16

SOLLEN (å skulle) ich sollte du solltest er sollte sie sollte es sollte wir sollten ihr solltet sie sollten Sie sollten

WOLLEN (å vilje) ich wollte du wolltest er wollte sie wollte es wollte wir wollten ihr wolltet sie wollten Sie wollten

5.7 Laust samansette verb Ein del tyske verb er laust samansette. Det vil seie at dei er sette saman av ei forstaving og eit verb. Dei laust samansette verba deler seg når vi bruker dei i presens og preteritum. Forstavinga kjem då alltid sist i setninga. Forstavinga er alltid trykksterk, og det er eit eige ord. Presens: aufmachen teilnehmen ausgehen

Sie macht die Tür auf. Ho opnar døra. Wir nehmen an dem Spiel teil. Vi deltek i spelet/leiken. Abends gehen sie gern aus. Om kvelden går dei gjerne ut.

Preteritum: aufmachen teilnehmen ausgehen

Sie machte die Tür auf. Ho opna døra. Wir nahmen an dem Spiel teil. Vi deltok i spelet/leiken. Abends gingen sie gern aus. Om kvelden gjekk dei gjerne ut.


Presens perfektum: I presens perfektum flyttar vi forstavinga framfor ­perfektumforma av verbet. aufmachen teilnehmen ausgehen

Sie hat die Tür aufgemacht. Ho har opna døra. Wir haben an dem Spiel teilgenommen. Vi har delteke i spelet/leiken. Abends sind sie gern ausgegangen. Om kvelden har dei gjerne gått ut.

Infinitivsmerket zu står mellom forstavinga og verbet. aufzumachen teilzunehmen auszugehen

6 Adjektiv På tysk kan adjektivet brukast på to måtar: 1 Det kan brukast som predikativ, det vil seie at det står etter zu sein, zu werden og zu bleiben. Då er det alltid ubøygd: Er ist klein. Han er liten. Sie sind lang. Dei er lange. Es wird spät. Det blir seint. 2 Det kan stå framfor eit substantiv. Då blir adjektivet alltid bøygd: Der kleine Junge liest. Den vesle guten les.

6.1 Adjektivbøying etter bunden artikkel

På skjemaet under ser du at dei fem tilfella som får -e, dannar ei slags panne eller øks. INFINITIV HANKJØNN HOKJØNN nominativ der alte die alte Mann Frau akkusativ den alten die alte Mann Frau dativ dem alten der alten Mann Frau

INKJEKJØNN das kleine Kind das kleine Kind dem kleinen Kind

FLEIRTAL die kleinen Kinder die kleinen Kinder den kleinen Kindern

6.2 Adjektivbøying etter ubunden artikkel Når adjektivet står etter ubunden artikkel i ubøygd form (ein/eine), får adjektivet same ending som den bundne artikkelen: ein alter Mann (der), eine alte Frau (die), ein altes Kind (das). Etter ubunden artik­ kel i bøyd form (einen, einer, einem), får adjektivene endinga -en. INFINITIV HANKJØNN nominativ ein alter Mann

HOKJØNN eine alte Frau

akkusativ

eine alte Frau

dativ

einen alten Mann einem alten Mann

einer alten Frau

INKJEKJØNN ein kleines Kind ein kleines Kind einem kleinen Kind

6.3 Gradbøying av adjektiv Den tyske gradbøyinga av adjektiv liknar på den nor­ ske, men det er ein viktig forskjell: På tysk bruker vi ikkje meir og mest. På tysk legg vi til endingar same kor langt ordet er.

Etter bunden artikkel kan adjektiv få berre to endingar: -e og -en.

17


POSITIV billig (billig) klein (liten) modern (moderne) alt (gammel) lang (lang) stark (sterk) gut (god) hoch (høg) nahe (nær) viel ­(mykje) wenig (lite)

KOMPARATIV billiger kleiner moderner älter länger stärker besser höher näher mehr weniger

SUPERLATIV der/die/das billigste der/die/das kleinste der/die/das modernste der/die/das älteste der/die/das längste der/die/das stärkste der/die/das beste der/die/das höchste der/die/das nächste (der/die)/das meiste (der/die)/das wenigste

SUPERLATIV am billigsten am kleinsten am modernsten am ältesten am längsten am stärksten am besten am höchsten am nächsten am meisten am wenigsten

Det er to rubrikkar for superlativ. Den siste (med am-form) glir meir og meir inn i det tyske språket, sjølv om den ikkje kan brukast overalt. Vi seier for eksempel: Hier ist der kleinste Junge. Her er den minste guten. Hier sehen wir das älteste Haus. Her ser vi det eldste huset. Men vi kan også si: Dieser Junge ist am kleinsten. Denne guten er minst. Dieses Haus ist am ältesten. Dette huset er eldst.

18

7 Analyse og vanleg ordstilling Vi analyserer setningar for å finne ut kva form vi må bruke av for eksempel artiklane.

7.1 Subjekt Subjektet (Sn) finst i alle setningar. Subjektet er det leddet i setninga som utfører ei handling (den/det som gjer noko). For å finne subjektet kan du spørje: Kven/ kva gjer noko? Subjektet står alltid i grunnforma, det vil seie i nominativ. Derfor er det lurt å skrive Sn når du analyserer ei setning. Nominativ­forma viser seg blant anna ved a) personleg pronomen, b) eigedomsord, c) bunden artikkel og d) ubunden artikkel. Ich komme nach Hause. Eg kjem heim. Mein Vater kommt nach Hause. Far min kjem heim. Die Kinder kommen nach Hause. Barna kjem heim. Ein Kind kommt nach Hause. Eit barn kjem heim.

7.2 Verbal Verbalet (V) er det leddet i setninga som fortel kva som blir gjort. For å finne verbalet kan du spørje: Kva skjer / blir gjort? Når du analyserer ei setning, kan du setje ein V over verbet. Verbalet og subjektet høyrer alltid saman, og derfor må verbalet på tysk alltid få ei personending som høver til subjektet. Dette kallar vi samsvarsbøying: Ich komme nach Hause. Eg kjem heim.


Mein Vater kommt nach Hause. Far min kjem heim. Die Kinder kommen nach Hause. Barna kjem heim. Ein Kind kommt nach Hause. Eit barn kjem heim. Verbalet (V) uttrykkjer også når noko blir gjort. Når verbalet står i presens (nåtid), betyr det at handlinga held på no. På tysk bruker vi presens også for å uttryk­ kje noko som kjem til å hende i framtida. Was machst du da? – Ich lese ein Buch. Kva gjer du? – Eg les ei bok. Morgen gehe ich um sieben Uhr ins Kino. I morgon går eg på kino klokka sju. For å uttrykkje noko som har skjedd i fortida, bruker ein på munnleg tysk presens perfektum. Gestern habe ich deinen Vater gesehen. I går så eg far din. Du bist schnell ins Kino gekommen. Du kom fort til kinoen.

7.3 Direkte objekt Direkte objekt (DOa) er det leddet i setninga som handlinga er retta mot. Det står i ei form som heiter akkusativ. Derfor er det lurt å skrive DOa når du analy­ serer ei setning. Akkusativforma viser seg blant anna ved a) eigedomspronomen, b) bunden artikkel og c) ubunden artikkel. Ich besuche meine Kinder. Eg besøkjer barna mine. Ich besuche die Tante. Eg besøkjer tanta. Ich besuche einen Lehrer. Eg besøkjer ein lærar. Eksempel: Sn V DOa Ich schreibe einen Brief. Eg skriv eit brev.

7.4 Indirekte objekt Indirekte objekt (IOd) er den eller det i setninga som ein gjer noko til eller for. Det indirekte objektet står i dativ. Dativforma viser seg blant anna ved a) person­ leg pronomen, b) eigedomsord, c) bunden artikkel og d) ubunden artikkel. Når vi analyserer, finn vi først V, Sn og DOa. Så spør vi: Til/for kven + V + S + DOa. Svaret vi eventuelt får, er indirekte objekt i dativ, IOd. Meine Mutter gibt mir ein Fahrrad. Mor mi gir meg ein sykkel. Ich schicke meiner Freundin einen Brief. Eg sender venninna mi eit brev. Du gibst dem Mann das Buch. Du gir mannen boka. Ich erzähle einer Freundin die Geschichte. Eg fortel historia til ei venninne.

19


8 Tala

8.2 Ordenstal

8.1 Grunntala 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23

eins zwei drei vier fünf sechs sieben acht neun zehn elf zwölf dreizehn vierzehn fünfzehn sechzehn siebzehn achtzehn neunzehn zwanzig einundzwanzig zweiundzwanzig dreiundzwanzig

24 25 26 27 28 29 30 31 40 50 60 70 80 90 99 100 101 102 110 200 10 000 1 000 000

vierundzwanzig fünfundzwanzig sechsundzwanzig siebenundzwanzig achtundzwanzig neunundzwanzig dreißig einunddreißig vierzig fünfzig sechzig siebzig achtzig neunzig neunundneunzig hundert (ein)hunderteins (ein)hundertzwei (ein)hundertzehn zweihundert zehntausend eine Million

Ordenstal som første, andre, tredje og så vidare bruker vi i mange samanhengar. Vi lagar dei ved å hengje ei ending på grunntala. Frå 2 til 19 er endinga -te. Frå 20 og oppover er ho -ste: 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9.

erste zweite dritte vierte fünfte sechste siebte achte neunte

10. 11. 20. 21. 22. 30. 100. 1000. 1 000 000.

zehnte elfte zwanzigste einundzwanzigste zweiundzwanzigste dreißigste hundertste tausendste millionste

Unntak: -te 1. = erste 3. = dritte 7. = siebte Når du bruker ordenstal i samband med datoar, må du ha am foran og -n bak. Hugs at berre månaden og dagen blir ordenstal, ikkje årstalet!

Ich bin am siebten (7.) neunten (9.) neunzehnhundert­undsiebenundachtzig geboren. VIKTIG! På norsk bruker vi alltid preposisjonen i framfor eit årstal: OL på Lillehammer var i 1994. På tysk bruker vi aldri in framfor årstal: Die Olympischen Spiele in Lille­hammer waren 1994.

20


9 Preposisjonar Preposisjonar er svært viktige ord i ei setning og fortel vanlegvis kvar noko er (f.eks. i, på, bak, under). Dei styrer også ulike kasus. Ordet som står rett etter pre­ posisjonen, viser kasus. Ofte er dette ein artikkel eller eit pronomen.

9.1 Preposisjonar med akkusativ durch für gegen ohne um

gjennom for, til mot utan om, omkring, rundt

Eksempel 1 Der Mann geht durch den Garten. Mannen går gjennom hagen. I denne setninga styrer preposisjonen durch akkusativ. Etter preposisjonen kjem den bestemte artikkelen. Den står her i hankjønn (der Garten), og vi må bruke bestemt artikkel hankjønn akkusativ – den.

Eksempel 2 Der Mann geht durch die Stadt. Mannen går gjennom byen. I denne setninga styrer preposisjonen durch akkusativ. Etter preposisjonen kjem den bestemte artikkelen. Den står her i hokjønn (die Stadt), og vi må bruke bestemt artikkel hokjønn akkusativ – die. Nokre fleire setningar med akkusativpreposisjonar: Ich kaufe ein Geschenk für meine Schwester. Eg kjøper ei gåve til syster mi. Wir können nicht ohne (das) Wasser leben. Vi kan ikkje leve utan vatn.

Der Zug ist gegen einen Baum gefahren. Toget køyrde mot eit tre. Die Mauer geht um die Stadt. Muren går rundt byen.

9.2 Preposisjonar med dativ aus bei mit nach seit von zu

frå, (ut) av hos, ved med til, etter sidan frå, av til

Er kommt aus dem Dorf. Han kjem frå landsbyen. Sie wohnt bei der Tante. Ho bur hos tanta. Kommst du mit mir? Blir du med meg? Ihr lernt seit 2 Jahren Deutsch. De har lært tysk i to år. Sie gehen zu dem Freund. Dei går til vennen. Ein del preposisjonar smeltar ofte saman med den bestemte artikkelen når dei står ved sida av kvarandre: Dativ hankjønn/inkjekjønn: bei dem = beim von dem = vom zu dem = zum Dativ hokjønn: zu der = zur

21


9.3 Preposisjonar med akkusativ eller dativ (vekselpreposisjonar) an auf hinter in neben über unter vor zwischen

på (berøring frå sida) på (berøring ovanfrå) bak i, inne i, ut i, inn i ved sida av over under framfor mellom

22

Konjunksjonar er ord som knyter saman andre ord og heilsetningar. På norsk har vi konjunksjonane og, eller, men og for. På tysk heiter dei: und, oder, aber og denn. Eksempel: Ich heiße Alex und ich lese gern Bücher. Eg heiter Alex og eg liker å lese bøker.

11 subjunksjonar

Preposisjonane styrer både akkusativ og dativ, og det er verbet som avgjer kva kasus det skal vere. Dersom verbet uttrykkjer ei retning eller rørsle, bruker vi akkusativ. Dersom verbet uttrykkjer ro, eller rørsle innanfor eit bestemt område, bruker vi dativ. Er hängt das Bild an die Wand. Han hengjer biletet på veggen. Rørsle akkusativ Das Bild hängt an der Wand. Biletet heng på veggen. Ro dativ Der Hund legt sich unter den Tisch. Hunden legg seg under bordet. Rørsle akkusativ Der Hund liegt unter dem Tisch. Hunden ligg under bordet. Ro dativ Der Mann läuft in das Haus. Mannen spring inn i huset. Rørsle akkusativ Der Mann läuft im Haus. Mannen spring inne i huset. Rørsle innanfor eit område

10 Konjunksjonar

Subjunksjonar innleier leddsetningar. Ei leddsetning er ei setning som ikkje kan stå åleine. På tysk er det viktig å hugse på at det personbøygde verbet alltid står sist i ei leddsetning. Dette er dei vanlegaste subjunksjonane som innleier leddsetningar: als wenn dass ob weil

(den gang) då (kvar gang) når at om fordi

Als wir nach Hause kamen, war es spät. Då vi kom heim, var det seint. Ich glaube, dass er mich mag. Eg trur at han liker meg. Sie fragt, ob es gut geht. Ho spør om det går bra.

dativ


12 Relativpronomen

13 Nokre uttalereglar

Det tyske relativpronomenet peiker alltid tilbake på ordet som står framfor. På tysk ser relativpronomen ut som den bundne artikkelen, med unntak av dativ fleirtal.

Når vi skal lære eit nytt språk, er det viktig at vi kjen­ ner til dei viktigaste uttalereglane. Munnlege oppgåver vil vere viktige gjennom heile boka, og for at du skal kunne trene på dette også på eiga hand, får du her nokre enkle reglar.

HANKJØNN nominativ der akkusativ den dativ dem

HOKJØNN die die der

INKJEKJØNN das das dem

FLEIRTAL die die denen

Relativpronomen innleier alltid ei leddsetning på tysk. Hugs at det bøygde verbet skal stå sist i setninga. Ich kenne einen Jungen, der Jakob heißt. Eg kjenner ein gut som heiter Jakob. Ich kenne ein Mädchen, das nett ist. Eg kjenner ei jente som er snill.

Slik blir alfabetet uttalt på tysk (der det ikkje er nokon parentes, er det som på norsk): A B C (tse) D E F G

H (ha) I J ( jått) K (ka) L M N

O (å) P Q (ko) R S T U (o)

V (fau) W (ve) X (iks) Y (ypsilon) Z (tsett)

I tillegg er det på tysk nokre lydar som er litt spesielle: Legg merke til at relativpronomenet endrar seg etter kva rolle det speler i setninga, og kva kasus det står i. Ich kenne einen Jungen, den du magst. Eg kjenner ein gut som du liker. Das Mädchen, dem wir ein Geschenk geben, ­hat ­Geburtstag. Jenta som vi gir ei gåve, har bursdag. Legg merke til at preposisjonen alltid kjem framfor ­relativpronomenet, mens det på norsk står sist i ­setninga. Preposisjonen bestemmer kasus for relativ­ pronomenet. Kennst du den Film, von dem alle reden? Kjenner du til filmen som alle snakkar om? Die Straße, durch die wir gehen, ist lang. Gata som vi går langs, er lang.

ä Mädchen (blir uttalt som ein mellomting mellom norsk e og æ) ie Ziel (blir uttalt som lang norsk i) ö zwölf (blir uttalt som norsk ø) ü Hütte (blir uttalt som ein kombinasjon av norsk u og y) v Vater (blir uttalt som norsk f i byrjinga av eit ord, elles v) sp, st, sch spielen, Stein, Deutsch (s blir uttalt som norsk ­sjokolade når han står framfor p, t, ch) ai ein, mein (omtrent som i norsk Thailand) au Haus (som i norsk kakao) eu Heu, Freund (som i engelsk toy, eller norsk åy (når du er overraska)) ui pfui äu Häuser (som i norsk oi!) ch mich, Milch (blir uttalt som norsk kino) ach Nacht, Wache (blir uttalt som namnet til komponisten J.S. Bach, eller som ein slags «harkelyd») ß Straße (blir uttalt som norsk s) ig blir uttalt med ch-lyd i slutten av et ord: wichtig

23




Los geht’s minigrammatikk tek deg med vidare! 1  Substantiv

8  Tala

2  Pronomen

9  Preposisjonar

3  Eigedomsord

10  Konjunksjonar

4  Spørjeeord

11  Subjunksjonar

5  Verb

12  Relativpronomen

6  Adjektiv

13  Uttalereglar

7  Analyse

TEKSTBOK

Los geht’s har desse komponentane på kvart klassetrinn ISBN: 978-8 2-11-02604 -0

DIGITAL UTGÅVE av tekstboka med innlesne tekstar ARBEIDSBOK NETTSTAD MED: lærar- og elevstoff • forenkla arbeidsbok: Ganz Einfach losgehts.fagbokforlaget.no •


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.